torsdag, mai 24, 2007

VM-finalen Estland - Tsjekkia 25/03-2007

Den niande utgåva av VM for landslag er over, og det var eit spennande mesterskap. I VM-finalen var det to lag med vidt forskjellige forutsetningar. Estland hadde teke det rolig og fekk ein enkel semifinale, tross i at motstandaren Russland spelte på heimebane. Tsjekkia, på si side, hadde ikkje rekna med å komma så langt, og ofra alt i semifinalen. Det holdt akkurat til å ta seg vidare, men totalt blotta for lagånd, var det ikkje mange som levna dei særlege sjansar i finalen. Det vart aldri særleg spennande. Med to guddommelige angrep på Estland vart det umulig for Tsjekkia å demma opp. Det endte med 4-0 til Estland, som dermed tok sin første VM-tittel på seniornivå. Estland er dermed det fjerde laget som blir verdensmester etter Sverige, Norge og Tyskland.

Kanskje blir dette eit av dei siste VM med spelarar frå farmerlag. Det er lov å håpa i alle fall.

Kampen (113818373) vart som forventa. Tsjekkia ofra midtbanen totalt og satsa på kontringar. Estland kunne tillata seg å spela 3-4-3 utan å risikera å tapa midtbanen, og fekk dermed fryktinngytande angrep. Det er interessant å merka seg at Tsjekkia kjørte 5-2-3 og ikkje 4-3-3 trass i SLV-ennitti sine påstandar om at 5-2-3 skadar forsvaret.

Av: Staleno

Ingen kommentarer: