søndag, mai 20, 2007

Tegneseriens mann - HansJ:

HansJ er kjent for sine hysterisk morsomme tegneserier som omhandler Hattrick. Jeg tok meg en aldri så liten prat med mannen:

1. Hvorfor startet du å lage tegneserien din? :

Eg starta fordi eg fekk lyst til å gje Hattrick ei meir visuell side. Det er jo berre tekst i kampreferata, og eg syntest det ville vera morosamt å vise litt sprø tolkingar av det som skjer i kampane og elles.

2. Hva synes du om all oppmerksomheten som tegneserien har fått?

Eg synest det er veldig artig. Det var tydeleg at folk hadde behov for å le litt av Hattrick og prøve å spinne vidare på det til tider ganske fjerne livet i spelet.

3. Har livet ditt blitt annerledes etter du startet å lage tegneserien?

Tja ... eg har fått litt dårlegare tid, kanskje? Og har oftare dårleg samvit fordi eg ikkje får tid til å lage nye sider? Elles har jo Hattrick blitt meir morosamt for meg.

4. Det kommer ut mindre og mindre utgaver nå. Begynner du å bli lei?

Ikkje lei, nei, men det er vanskelegare å få tid til å teikne enn før. Dessutan er det ikkje så lett å få nye idear. Men hovudgrunnen til tørken er tidsmangel. Det er ikkje ofte eg har ein dag ledig til å lage ei side.

5. Har du planene klare for fortsettelsen av tegneserien?

Eg har ikkje planane klare, nei. Alt eg veit er at eg ein gong må lage den siste sida, og på den sida er det nok kvelden for Thomas "Snopan" Matsson, er eg redd. Og han er 38 år nå ...

6. Kan du gi oss en liten smakebit på hva som nå kommer til å skje videre?

Har ikkje peiling på kva dei kan finne på. Det er svært usikkert kva som vil skje vidare :)

7. Får du mange tilbakemeldinger på tegneserien din?

Ja, eg får mange tilbakemeldingar. Postkassa er oftast så full at eg ikkje får tid til å svare på alt. Men det går i bølgjer. Når eg har laga nye sider, blir det meir.

For dere som ikke har lest tegneseriestripene hans, eller vil lese dem på nytt, er det bare å gjøre det her: http://www.cartoonutd.org

Av: Dah-vidhad

Ingen kommentarer: