søndag, mai 20, 2007

Forsvarsstrening

Før du kastar deg ut i forsvarstrening, er det ein del ting du må tenka over. Forsvarstrening er ikkje for alle.

Kva krevs

- God startkapital
Du er nødt til å skaffa deg 10 (11) talent. Fordi forsvarstrening er den av dei vanlege treningsformene som går tregast, er det ikkje å anbefala å kjøpa "gamle" treningsobjekt. Eg anbefaler minst solid/god i forsvar og helst ikkje eldre enn 18 år. Men 17- og 18-åringar er veldig dyre - spesielt i starten av sesongen. Difor kan du spe på med 19-åringar, men desse bør allerede vera godt opp i skill. Dette gjer også laget betre sportslig. Fordi passing er viktig med tanke på CA-skill, er det også å anbefala at treningsobjekta har eit minimum med passing. Men ver klar over at det kostar. Som med dei fleste treningsformer, er det først frå excellent/utmerket til formidable/eminent treninga verkeleg blir lønnsom. I tillegg er det eit must å ha bra midtbane og angrep, så med mindre du alerede har dette på plass, må også dette oppgraderast.

- Tålmodighet
Forsvarstrening går tregt, og det vil ta tid før laget ditt blir nevneverdig betre. Og måla renn ikkje akkurat inn når du trener forsvar - ikkje i nokon av retningane.

- Kunnskap om taktikk
Om du ikkje har kunnskap om taktikk, er det heilt håplaust å trena forsvar. Du må vita korleis kontringar fungerer, og du bør helst kunne spela utan kontringar mot enkelte motstandarar. Kan du ikkje det, vil du titt og ofte oppleva at du taper poeng mot svakare motstandarar.


Fordelar

- Profitt
Du får trent 10 talent kvar veke, så det er ganske lønsomt

- God mot midtbanelag
Du er eit mareritt for midtbanetunge lag, og dei er det mange av.

- Defensiv trygghet
Som forsvarstrener slepp du inn lite mål, og mot folk som ikkje er dyktige taktisk (95% av alle du møter i lavare divisjonar) kan du stoppa alt.

Ulemper

- Lite taktisk fleksibilitet
Du er tvunge til å spela med 5 mann bak (mange speler 4-4-2 i viktige kampar). Det gjer det vanskelig å overraska motstandarane dine, og du blir litt forutsigbar.

- Svak midtbane
Sjølv om CA-taktikk tar utgangspunkt i å tapa midtbanen, er midtbanen veldig kjekk å ha. Taper du midtbanen, risikerer du å tapa uansett kor overlegen du er ellers.

- Svakt angrep
Forsvarstrenarar har som regel store problem med å få brukbare angrepsratingar (spesielt med 5-4-1). Du er derfor heilt avhengig av å ha gode spissar i form. Ellers vil du ikkje scora mål.

Gode tips

- Lær deg å kontra
Sett deg inn i korleis kampmotoren fungerer, og sett opp taktikken deretter.

- Skaff deg dødballtakar
Fordi du ofte har trøbbel med å scora, er det veldig viktig å ha ein bra dødballtaker (helst divine/guddommelig). Då scorar du i alle fall på dødballsjansane dine, og har større sjanse for cornermål.

- Spesialitetar
Dette er også noko som kan skaffa deg ein fordel i kampane. Mange spelarar med [Head] og spissar med [Quick] er å anbefala for å få SE-mål. Om du speler med ving, er [Quick] veldig bra også her. Spesialitetar hjelp også på salgsprisen på treningsobjekta dine. På forsvararar er [Head], [Powerful] og [Quick] fint. I den rekkefølga.

- Offensiv midtstopper
I mange kampar kan midtbanen bli viktig, og då er det greit å ha ein eller fleire forsvararar med playmaking. Det typiske er her å kjøpa inn ein midtbanespelar med "trenbar" forsvarskill (minst passable/akseptabel).

Forsvarstrening er ikkje så kjedelig som alle vil ha det til, men det er som sagt ikkje for alle. Men at det går an å ha suksess med forsvarstrening er det ingen tvil om.

Av: Staleno

Ingen kommentarer: