I runde 3 møtte me eit Jamaica-lag med full pott etter 2 kampar til tross for at dei vart møtt med MOTS i begge kampane. Me hadde kun 3 poeng, men heimebane og eitt hakk høgare TS. I tillegg hadde me jevnt over litt betre spelarar og bedre form, så me satt med dei klart beste korta på hånda.
Men på landslagsnivå er det fryktelig vanskelig å setta opp den riktige taktikken. For det første skal du sikra deg mot eit enormt spekter av taktikkar og formasjonar du kan møta, og for det andre så skal ein helst vinna slike kampar utan å bruka TS. Å oppfylla begge desse krava er bortimot umulig mot så jevngode lag. Det er her det blir fryktelig viktig å innhenta informasjon både om laget og manageren på andre sida av banen. På denne måten kan ein ofte eliminera ein god del taktikkar.
Dette var også tilfelle med Jamaica. Men etter at elimineringsprosessen var unnagjort, konkluderte me med at me kunne møta taktikkar så vidt forskjellige som PIC-CA totalt utan midtbane og 3-5-2 MOTS all out. Men då Jamaica skifta frå offensiv til defensiv trener, vart me rimelig overbevist om at me kom til å møta ein CA-formasjon, men likevel ikkje heilt trygge. Det kunne jo vera eit luretriks frå Jamaica sin trener. Og me var uansett veldig usikre på om det kom til å bli ein CA-formasjon med eller uten ballinnehav. Heldigvis konkluderte me med at ein MOTS ville kosta for mykje for Jamaica, så me gambla på 3-4-3 PIC med relativt sterk midtbanesatsing og eitt bra vingangrep. På denne måten ville me ha relativt god sikring sjølv mot midtbaneorienterte formasjonar, og samtidig to angrep som var slagkraftig nok til å yppa seg på det sterkaste forsvar i tilfelle CA.
Det må seiast at Jamaica traff bra med taktikken. Dei droppa midtbanen og spelte med bunnsolid forsvar med to gode vingangrep. Vårt angrep greide kun å komma gjennom forsvaret ein einaste gong, og Jamaica scora på ein av dei to kontringane dei fekk. Det måtte ein quick-event til for å avgjera kampen, og det passa oss veldig bra at den kom i dag. Det viser kor vanskeleg det er å komma gjennom eit 5-manns landslagsforsvar, sjølv med 3 guddommelige spissar på topp. Men eg er jammen glad me vart enige om å bytta ut 3-5-2 med 3-4-3, og eg er jammen glad for at eg overtalte sjefen til å spela PIC!
Så no har me 6 poeng på 3 kampar. Me har unnagjort 2 bortekampar. Og me har spelt 3xPIC, og har dermed høgast TS i gruppa. Neste fredag har me spelefri, men så møter me tidlegare sølvmedaljevinner Tsjekkia heime - truleg med samme TS som oss. Det blir ein røff kamp, men me skal gjera vårt beste for å gjera det vanskeleg for dei!
Av: Staleno
lørdag, desember 08, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar