mandag, desember 03, 2007

Nigeria NT - World Cup XI (Del 1)

Ved det sjette landslagsvalget, som vart unnagjort for berre eit par veker sidan, bestemte CSteinhardt seg for å ikkje fortsetta som landslagssjef. Grunnen var at han hadde blitt hekta på Buzzbeater, og ikkje hadde så mykje tid til Hattrick lenger. Det var ingen bra kandidatar som stilte, og eg såg dermed mitt snitt til å tre inn som landslagssjef. Men dagen etter at eg lanserte min valgtale, stilte Davikoka til valg. Han er ein dedikert nigeriansk manager, så eg trekte meg frå valget for å gjera plass for ein lokal manager. Dette vart lagt merke til av mange av dei faste brukarane i Nigeria, og blant dei var Davikoka. Han spurte om eg var interessert i å tre inn i rollen som hans hovudassistent og taktiske rådgiver på grunn av mine gode taktiske kunnskapar og bra framtoning. Dette takke eg sjølvsagt ja til, og satte straks i gang arbeidet med å samla inn data om spelarane. Davikoka fekk 8 av 8 stemmer, så valgkampen vart heldigvis aldri spennande.

Men det skulle snart oppstå gnisningar mellom meg og Davikoka. Davikoka var ute på businessreise dei første to vekene, og det var bortimot umulig å få kontakt med han. All utveksling av informasjon vart gjort via mail, og eg fekk hovudsakeleg korte og rare svar tilbake. Blant anna ville han overføra kontrollen av landslaget til meg midlertidig, ville ha ein trener med masse rutine og gå over TS-reseten med 26 spelarar i troppen. Eg fekk avverga dei aller største krisene, men gang på gang unnlot han å gjera smarte ting som eg foreslo.

Til første VM-kampen mot Russland sendte eg han ei lang avhandling av mulige taktikkvalg, men han sendte på banen eit lag som var langt unna det eg forslo - blant anna med ein offensiv vingback med dårlig vingskill. Så sendte han meg til det nigerianske forumet for å publisera lagoppstillinga. Då tok frustrasjonen overhånd, og eg gjekk ut på nigeriaforumet og kritiserte Davikoka og hans lagoppstilling åpenlyst. På det tidspunktet vurderte eg seriøst å trekka meg. Eg orka ikkje å bruka massevis av fritid på Nigeria når eg berre vart ignorert uansett. Det var delte meiningar over måten eg håndterte situasjonen på, men en ein kan trygt sei at Davikoka ikkje var fornyd. Han forlangte ei offentleg unnskyldning, og eg måtte fint ned på kne og unnskylda meg. Det har nemlig vist seg at Davikoka er ein veldig kompetent manager, men var ikkje kjent med detaljane omkring korleis landslaget fungerer. Grunnen til hans korte tilbakemeldingar og merkelige taktiske oppsett var rett og slett total mangel på fritid. Han hadde omtrent 15 minutt daglig online på ein plass med elendig nettilgang. Me var relativt heldige, og kom frå kampen med 1-3 i sekken. Med PIC. Heile diskusjonen kan du lesa her: (10169332.1).

Før andre kampen borte mot Nord-Irland hadde me god tid til å diskutera taktikken, og me var stort sett enige i våre taktiske vurderingar. Nord-Irland dumma seg ut med MOTS og 0-4 mot Jamaica i første kampen, noko som passa oss yperlig. Med bedre TS og bedre midtbanespelarar, satsa me hardt på å vinna midtbanen utan å bruka TS. Me forutsåg ein 3-4-3 frå manager Lemmiwinks, og der traff me perfekt. Men me måtte jo trekka litt på smilebånda når me såg at han spelte kontringar, og med ein offensiv trener. Det endte med brakseier 3-0, og me er dermed det einaste laget i gruppa som har spelt 2xPIC. Det kan komma godt med når me møter Jamaica, Tsjekkia og Hellas i rask rekkefølge i dei kommande tre kampane.

Av: Staleno

Ingen kommentarer: