I den seinaste tida har fleire nordmenn vore involvert i landslag utanfor Noreg sine grenser. Men interessa for desse landslaga var veldig liten her til lands inntil ronnyhul og assistent heggland0 overtok Hong Kong. Ronnyhul har vore sjef for U20-landslaget i 3 periodar og for A-landslaget i 2. I løpet av den tida har dei, gjennom gode resultat og god pressedekning, greid å skapa ein genuin interesse for Hong Kong sitt landslag her i Noreg. Målet er å greia å skapa ein tilsvarande interesse for det nigerianske landslaget.
I Noreg har me tradisjon for å velga norske landslagssjefar, men i mange av dei mindre landa er det rett og slett ikkje nokon innad i landet som sit med nok kunnskap til å styra eit landslag. Av denne grunn er det berre dei færraste av landslaga i dei små landa, og spesielt dei ny landa, som har ein lokal sjef. Dette har også vore tilfellet i Nigeria. Nigeria vart sjølvstendig Hattricknasjon allereie i november 2003, så det er ingen fersk nasjon. Kven som styrte landslaget den føste sesongen er uvisst, men han hadde sjølvsagt ikkje så mykje spelarmateriale å jobba med. Likevel greide han å vinna den eine kvalifiseringskampen mot eit anna ferskt landslag; Marokko (17457262).
I det andre landslagsvalet fekk Nigeria, som ofte er tilfelle for nye nasjonar, ein tilfeldig fyr frå Nederland langt nede i ligasystemet som landslagssjef. Han imponerte faktisk med å ta 12 poeng og plassera seg framfor Vietnam - ein nasjon som er 2 sesongar eldre enn Nigeria. Men fortsatt mangla det ein langsiktig plan for bygging av landslaget. Ved det tredje landslagsvalet i Nigeria fekk Nigeria ein verkeleg kompetent landslagssjef. GM-Karst var mannen som skulle få Nigeria opp til nye høgder. På ny fekk Nigeria to lag bak seg i gruppa, og tok sensjasjonelt poeng borte mot Argentina (46012890).
Ved det fjerde landslagsvalet vart det ganske kjapt klart at den beste kandidaten var CSteinhardt - ein amerikaner med nigerianske røtter. som hadde vore involvert på forumet i fleire sesongar. Han jobba ivrig med å skaffa trenarar for nigerianske spelarar, og videreførte arven etter GM-Karst. Han er ein enorm taktiker, og tok 16 poeng etter å ha slått blant andre den 6 sesongar eldre nasjonen Chile (66781785).
Det var først i august 2006 at eg fatta interesse for Nigeria. Nigeria hadde ei lita gruppe med dedikerte brukarar, både frå Nigeria og frå andre land, som interesserte seg for det nigerianska landslaget. Eg såg difor Nigeria som det landet med størst ubrukt potensiale i Afrika. Landslaget til Nigeria var på den tida det beste i Afrika, med unntak av Sør-Afrika og Egypt. Og nokon måtte forsøka å ta laget enno eit steg vidare. Eg vurderte sjølv å stilla til valg, men syntes det var rett og rimelig at CSteinhardt fekk videreføra suksessen frå forrige periode. Men eg kom raskt i debatt med han etter at han brukte "sprø" formasjonar som 0-7-3 (94478679) og 0-9-1 (94478688). Etter langvarige diskusjonar endte det med at eg vart ein av hans taktiske rådgivarar framfor viktige kampar. Nigeria var i ei tøff kvalifiseringsgruppe, men greide som vanleg å holda to lag bak seg i gruppa. Samtidig vart laget atskillig sterkare.
I det femte landslagsvalget fekk sjølvsagt CSteinhardt fortsetta suksessoppskrifta. Han tok heile 19 poeng, og Nigeria hadde for første gang 3 lag bak seg på tabellen. Metodane var fortsatt omstridte, men suksessen var udiskutabel.
Av: Staleno
søndag, desember 02, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar