Etter en veldig fin sesong, ble det kvalikk for mlundela og co. Der møtte han Niero og tapte så vidt 4-3, og det ble dermed enda en sesong til i andre divisjon! Laget har holdt koken siden en snødag i 03, og har opplevd stor sukses! Nå blir det da enda en sesong med kanskje bare seiere, og litt ekstra penger i lomma. Jeg tok kontakt, han svarte!
Hva fikk deg til å starte med HT?
--
Det var ein artikkel på nettsida til ei av dei største avisene. Eg tende på konseptet med det same, og fekk etter kvart verva fleire kameratar til å bli med.
Hva er ditt beste minne?
--
Mitt beste minne kjem forhåpentlegvis på lørdag, då vi skal ut i kvallik til Tippeligaen. Ellers så er dei beste minna frå sesongar med aktiv lag i avdelinga og mykje liv og røre på konfen. Tida i IV.41 med blant anna Mansport og Pølsekammeratene var i så måte minnerik, og eg innser at det truleg aldir vil bli like moro igjen - sjølv om vi skulle karre oss til noregs øverste nivå.
Har du noen forbilder?
--
Dei første sesongane var det utan tvil Birkelunden. Dei vann stort sett det som gjekk an å vinne, så den dagen vi slo dei i cupen markerte på mange måtar eit vendepunkt i klubben si historie. Snylte sin VM-triumf med noreg var stort, ikkje minst for oss bergensarar:)
Hva tenker du om denne sesongen?
--
Sesongen har vore ein suksess, sidan vi klarte målet om seriegull. Desverre kosta eit par unødvendige poengtap oss direkte opprykk, men eg skal ikkje klage sidan vi også har hatt marginar på vår side denne sesongen. Desverre hadde eit av laga i avdelingen lagt opp, samtidig som eit par til var meir eller mindre useriøse.
Har du noen "bittre" rivaler?
--
Det kan eg ikkje skryte av, men det er klart at det er litt intern konkurranse mellom oss som byrja på same tid. Av dei som fortsatt held koken på eit bra nivå er SK Nederlaget, som desverre rykka ned igjen til fjerde-divisjon.
Hva er målet ditt fremover?
--
Målet er å bli eit stabilt godt tippeligalag, noko som betyr at vi skal vere med å kjempe om medaljar i mange sesongar framover. Men aller først må vi konsentrere oss om å nå tippeligaen, og første sjanse er allereie på lørdag.
Hvem er favoritt spilleren din?
--
Den guddommelege keeperen, Rickard Vesterby (7583856), har lenge vore vår beste spelar, men med nye reglar på plass har det vorte naudsynt å erstatte han med ein yngre keeper. Dermed blir det Jørgen Fredriksen (28215639) som må ta ansvar som lagets stjerne framover. Vi trur og håpar at med dei nye reglane på plass vil pasningskvalitetane til Jørgen, som er nær verdensklasse, komme meir til sin rett.
Har du hatt noen vanskelige tider på HT?
--
Det har eg nok som alle andre. Men heldigvis har motivasjonen komme tilbake, og eg er no meir motivert enn på lenge for å vise kva laget er godt for.
Hvor mye må man spille for å komme til andre divisjon?
--
Ein treng ikkje spele så lenge for å lære seg å spele taktisk lurt. Det som er vanskeleg er å få råd til å satse, for det kostar å rykke oppover i ligasystemet. Eg trur det har vorte vanskelegare å tjene gode pengar fort, men at det er treningsformer som løner seg meir enn andre, er heilt klart. Det er heilt klart ein fordel å kunne bruke mykje tid på på å studere transfer-markedet.
Har du noen tips til andre hattrickere?
--
Dersom målet er å nå langt, så er det alfa omega å ha ein langsiktig plan for verdiskapinga i klubben. Studer transfer-markedet nøye, og sats på noko som få andre gjer. Ellers så oppfordrar eg alle til å skrive minst ei pressemelding i veka. Det er kjekt for dei som følgjer med laget ditt, og for laga i same avdeling som deg. For nye spelarar er det lurt å følge med på "konfen", og gjerne spørre om ting ein lurer på. Vi har alle vore ferske ein gong.
Har du noe annet på hjertet?
--
Vil gjerne takke loh001 for taktisk hjelp til kampen på lørdag. Niero Tigers blir ein kjempeutfordring, ikkje minst med tanke på all kunnskapen og erfaringa Niero sit inne med. Blir det opprykk, så skal det feirast med stil. Det er vi ganske flinke til her i Bergen:)
Takk for meg.
Skrevet av: Toptimist
søndag, oktober 28, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar