tirsdag, juli 17, 2007

Valet no til dags

Valet no til dags. Kva er det? Det er berre ein liten krig der unge og uerfarne hattrickarar vert hakkekyllingar og mister sjølvtillit ved at dei eldre og meir erfarne brukarane hakkar og vender på kvar einaste av deira svar i staden for å seie: "Nei, du får ikkje mi stemme. Kom tilbake om 2-3 år når du har meir kunnskap og rutine i spelet. Elles lukke til vidare i valet".

Men dette er berre eit av problema valet i hattrick medførar i vår tid. Greit at mange uerfarne stiller, som ikkje veit kva dei legg seg ut på. Ei anna hendelse er når folk som har spelt i 3-4 år vert so oppgitt over valet at dei må legge ut ein totalt useriøs valtale med vitande vilje, for deretter å få med seg mange av sine vennar og få useriøsiteten til eit høgare lavmål.

Mykje av dette bidrar til at dei få som verkeleg kan klare å drive eit landslag blåmerkar heile valet, og ikkje vil legge seg opp i det fordi det er so mykje userisitet, drittslenging og overlegenheit i valet.

Nok syting frå mi side. Det eg vil fram til er: For å kunne stille som kandidat til valet må valtalen vere godkjent av GM for å kunne leggast ut. Om ein tale som ikkje er godkjent likevel leggast ut, vil dette medføre forumban.

Takk for meg.

Mvh
defendsk, manager for midt i skauenIL

PS: Har du meninger om valget? Ikke nøl med å sende en mail til deaktive@hotmail.com! Så er det en sjanse for at også du kommer på trykk:)

Ingen kommentarer: