Det er snart val igjen, noko som betyr høg aktivitet og enda høgare temperatur på Norge-forumet. I det høve har DAH-avisa her teke ein prat med MOD-tor for å høyre korleis han ser på dei to neste vekene.
MOD-tor har ein del tankar rundt valet, og er delt i synet på om han gledar seg eller ikkje. Han gledar seg over at aktiviteten stig, og at folk ofte tek landslagsvala seriøst. Litt for seriøst, noko som gjer det heile kjekt for ein som ser på valet som eit spel, som Hattrick tross alt er. Han påpeiker vidare at dei som er såkalla seriøse i valet, bør ta ein kikk på tidlegare valvinnarar. Det er få av valvinnarane som er vinnarar i Hattrick som spel, men dei er alle aktive på forumet, og har eit generelt godt rykte på seg.
MOD-tor viser kva som er problemet; Før var det liv rundt valet, det var berre eit fåtal som klaga på MOD/GM for jobben dei gjorde under valet. Dei andre fekk såleis bruke tid og energi på å lese om valet, og lese i valtrådane. Nå, i nyare tider er livet rundt valet fjerna, og det er berre enkelte som held liv i valkampen ved å spør relativt enkle, sportslige spørsmål, som kven som helst som gidd å stille til val kan svare på. Spørsmål som er aktuelle for ein landslagssjef vert ikkje stilt, spørsmåla er berre eit forsøk på å stille den med det beste namnet i eit enda betre lys. Som MOD-tor så flott seier det sjølv, ”-Det er et personvalg, og personer blir som regel valgt utifra conf-aktivitet, plassering i ligasystem, føderasjonsmedlemskap eller lignende”. På bakgrunn av dette, gledar han seg ikkje nemneverdig til valkampen.
MOD-tor er den mannen i Noreg med prefiks som det har storma mest rundt, kanskje med unntak av diskusjonen med MOD-StigGerhard, men den varte ikkje særleg lenge. Det er veldig mange som har veldig mange meiningar om denne unge karen, og MOD-tor er ofte diskusjonsobjekt på diverse forum. MOD-tor innrømmer at det er mykje negativt han les om seg sjølv, men at han ikkje tek seg nær av det han les i særleg stor grad. Han ser også at mykje av negativiteten kjem av at ein skriv over nett, at det er eit anna språk enn det ville ha vore face-to-face. MOD-tor er heller ikkje redd for å kalle ein spade for ein spade, og tek heller i mot reaksjonane på det etterpå. Mykje av det dei får høyre er også djupt usakleg, og han er nærare å le av det, enn å grine. Men det er ingen tvil om at ein sensitiv person passar dårleg til jobben som moderator.
Som moderator er det alltid liv rundt ein, folk vil alltid meine noko om jobben. Skulle MOD-tor nokon gong ha ønskt at han ikkje var moderator, eller at han kunne kvitte seg med prefikset for ei stund, for å ta det på igjen etterpå? Som den hardbarka og tøffe guten han er blitt, så er svaret nei. Rett og slett for at han ikkje har nokon problem med at folk er ueinige i hans avgjersler. Han ser heller på seg sjølv som privilegert, som faktisk får lov til å vera med på å ta vanskelege avgjersler. Om det med klaging, trekk han fram at det er ikkje så mange som klagar til moderatorane, det er faktisk eit fåtal brukarar som gjer det, men dei syter til gjengjeld sin del. Sytarane er også todelt, med vidt forskjellige syn, noko som gjer at det er umogleg å tilfredsstille begge gruppene. Den gjengse forumbrukar ligg ein stad i mellom desse to gruppenes syn, og det er dei som vert tilfredsstilt.
Det er ikkje berre MOD-tor som er moderator i Noreg. Det finnes andre også, sjølv om dei knapt har stengt ein tråd på nasjonale forum. MOD-tcelind er ein av dei, han har også til tider vore i hardt vær. Korleis kan eigentleg samarbeidet dei to i mellom vera, med tanke på at begge er relativt sterke og ulike stereotypiar? ”- Vi har et godt samarbeid når det gjelder MOD-saker, men majoriteten av det som tas opp er spesialtilfeller. Vi har sjelden noen grunn til å diskutere ’daglige’ saker, da dette er noe som gjøres utifra ganske klare retningslinjer”. Han har altså ikkje noko nærare forhold til MOD-tcelind enn andre moderatorar.
På grunn av alt bråket som har vore rundt MOD-tor, har enkelte i det norske Hattrick-miljøet konspirert rundt det, og er komne fram til at GM-Noreg angrar på tilsetjinga av MOD-tor. Han sjølv har ikkje fått inntrykk av at det er sant. Han viser til at han ikkje har forandra seg, og framleis står for det han gjorde før han vart MOD, og som GM-Noreg tydelegvis la merke til som ei positiv side på forumet.
Me i DAH vil takke MOD-tor for at han stilte opp til intervju, og ynskje han lykke til i den kommande overoppheta valkampen.
/Stanic
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar