mandag, februar 25, 2008

Val 25.2.2008

U20-valet i Noreg er i nå så smått i gong, utan at det har vore den heilt store opninga på valet. Kanskje folk ser problem med å stille, etter braksuksessen med team Niero og hans menn. Kampmessig, taktisk, og innsikt er det framleis noko å hente på, men det var utan tvil eit bra team. Dei aktuelle kandidatane som stiller til val no, skal måtte jobbe hardt for å finne betre pressetalsmenn. Hadde eg stilt, hadde eg sendt ein førespurnad til paendrag for å vera på den sikre sida.

Eg håpar dette vert eit bra val, på alle måtar. Det startar også bra, sjølv om det allereie er tendensar til ufine haldningar i valtråden, ved enkelte høve. Eg håpar slike vert ignorert, då dei er ute etter merksemd. Like fullt oppmodar eg folk om å stille spørsmål direkte til kandidatane som stiller, eller til medhjelparane om det høver seg best. Still då gjennomtenkte, gode spørsmål, ikkje berre spør berre for å spør. Og når du har fått svar, godta svaret. Ikkje dvel for mykje ved det. Om kandidaten har eit standpunkt, respekter det, og stem ut frå det. Ikkje bruk ein time på å fortelje at du er ueinig.

Sist, men ikkje minst; Ikkje skriv kven som har stemmen din, og skriv heller ikkje kven som ikkje har stemmen din i dei aktuelle valtrådane. Dette kan du eventuelt ta i generelt-tråden, men sørg for at det ikkje vert ei svertekampanje.

Eg håper verkeleg at folk ikkje stemmer ut i frå namn, men frå det teamet som verkar mest spanande. Dette bringer oss automatisk over på dagens einaste kandidat som har lansert sitt kandidatur, mralx, som har med seg sine hjelparar Thorstvedt, VTSLV-Wedum, brannfan93, dalland og zetteren. mralx seier det så fint sjølv: ”- har plukket teamet på bakgrunn av iver og engasjement, ikke rutine det er sant. Det er ihvertfall det som jeg synes er det beste, har du ikke iver og engasjement spiller det ingen rolle hvor lenge du har spilt. Det er ihvertfall tanken bak det teamet jeg har plukket ut.”. Det er et veldig modig, og bra standpunkt å ta, og eg støtter verkeleg den haldninga. Det som nok likevel tapar mot mralx, er at folk stemmer stort sett på namn, og av dei med mest iver og engasjement i Noreg, har mralx her klart å ta 3 av dei mest kontroversielle. Det heile verkar veldig lite gjennomtenkt, og noko særleg støtte ser dei heller å ikkje ut til å gi. Hadde mralx funne nokon skikkelege medhjelparar, gjerne mentalt eldre enn 12 år, hadde dette vore eit brennheitt kandidatur utover i valkampen, med gode sjansar for å vinne valkampen, uansett motstand.

Det vert nå spanande å sjå kven som stiller til motsvar mot mralx nå, personleg har eg trua på at illusion får eit team på fote, saman med hovland og andre folk frå Hattrick Veteraner. Neverton stiller nok også, og alle vil nok ha med davidhad som medhjelpar, medsamansvoren, taktisk læregut, waterboy og stemmesankar.

Me går nokon spanande dagar i møte, det er heilt sikkert.

/Stanic

Ingen kommentarer: