søndag, februar 24, 2008

Godt val!

Nok ein gong er det klart for val på hattrick. Unge håpefulle møter eldre veteranar. Nokon har fått for vane å stille, andre vil ha meir moro i kvardagen, og eit par seriøse kandidatar har reinskrive talen sin til den minste detalj. Eg skulle gjerne seie at dei alle har eitt felles mål. Det har dei ikkje.

Eg har før oppfordra useriøse kandidatar til IKKJE å stille. Dette vil eg fortsette med. Det er ingen glede for deg å stille til val, å få valtråden din enten stengt, full av kjeft og sure miner eller til og med utestengelse. For ditt eige beste bør du kun stille til val om du meiner at du sjølv har ein god moglegheit til å vinne.

Eg er ein stor tilhengar til nytenking. Eg er absolutt åpen for å sleppe ein mindre erfaren manager til trona om personen har eit godt team i ryggen. Her er nokre gode tips til korleis du kan stille til val:


* Tenk nøye igjennom om du verkeleg har tid til å stille. Ein seriøs kandidat må ha mykje fritid til overs som man må bruke på landslaget.

* Få med deg eit team i ryggen som kan hjelpe deg med det du treng hjelp til (og NEI, ikkje tenk på å gå til val utan eit team). Få, om ingen kunne klare å gjere ein fullverdig jobb som dei fleste hadde vore nøgd med, heilt åleine.

* Skriv ein god valtale som kan overbevise folket til å stemme på nettopp DEG. Å skrive ein god valtale kan vera vanskeleg i seg sjølv, men her har du nokre gode tips til kva talen din kan innehalde:

Intro: Skriv litt om deg sjølv som hattrickspelar. Kor lenge har du spelt hattrick? Kva har du oppnådd på den tida? Kva har måla dine vore, og har du klart dei?

Hovuddel: Legg fram kva slags personar som er i teamet ditt og kva rolle har kvar enkelt person? Kvifor er du den rette til å bli sjef? Kva formasjonar har du erfaring med, og kva slags formasjonar kjem du for det meste til å bruke?
Kjem det til å bli mange forumskonkurransar med deg som sjef? Kjem du i nokon grad til å satse på bilskill?

Avslutting: Ikkje smisk med velgarane. Hugs å takke for merksemda på vegne av teamet.


Gode tips: Ikkje nevn noko som helst privat (utanom alder om du vil). Kva du jobbar som, kva du driv med på fritida osv er ofte negativt. (nokon kan synest det er "snobbeyrke", "lavtståande yrke" , kjedelege hobbyar, og folk kan vera so barnslege at dei let vera å stemme kun pga det).
Les over talen manga gongar. Leit etter skrivefeil, og rett dei etterkvart. Er du dårleg i norsk, er det lurt å få nokon kloke hovud til å lese over talen din. Framstå på ein positiv og energisk måte (utan å overdrive). Hald deg til fakta.

Ha eit godt val :)

Av: Defendsk

Ingen kommentarer: