Då er endeleg valet i gong, og kandidatane skriv sine meir eller mindre gode valtalar på forumet. Alt i alt, er mykje som venta, det er stort sett beståande av useriøse kandidatar som er ute etter å pjatte på forumet, godt krydra med slibrige kommentarar frå folka på kanalen hattrickno på IRC.
For noko over ei veke sidan spådde eg korleis valet ville sjå ut. Eg rekna med at det ville komme 10-15 team, der blant anna gilbrani stiller, det har han allereie gjort, i eit desperat forsøk på få velkomstmeldingar etter hans retur til Hattrick. Eit anna team eg har forutsett, er der Neverton inngår. Det er noko meir usikkert kor vidt dette teamet kjem, men at 0313981 stiller, kan godt hende.
Eg forutsåg ein del andre også, og det er enda tidleg i valet. Men det eg sa, var at IRC-gjengen sjølvsagt stiller, dette året er det larsish som får gleda av å stå som sjef, med alltid fantastiske knutarild som forumhore, og ein gal sau til å klage på alle andre team. Temmeleg nøyaktig slik som før altså.
SLV har ikkje stabla sine team på bana enda, men det kjem sikkert, då alle som kjenner norske vals historie, så kjem vinnarkandidatane frå store forbund, der dei får flesteparten av stemmane sine frå. Meir om den faktoren kan lesast i DAH-avisa.
I tillegg er det ein del useriøse fjortisar som ikkje kan skrive norsk, som skal vinne valet med å bruke dei beste utmerkete spelarane heile tida og vinne VM med å spør etter taktikk på forumet. Eg ger dei 4 dagar, innan den tid har dei sendt tårevåt post til ein gamemaster der bodskapen er at dei trekk seg frå valet, grunna mobbing og tidspress.
Av kandidatane som har lansert seg sjølv i dag, er det likevel ein som utmerkar seg, nemleg Painmaker. Han er valets einaste seriøse kandidat så langt, sjølv om han i beste fall er høgt tvilsom med det han skriv i talen. Å ta inn 18-åringar på landslaget, er berre latterleg, det vil øydeleggje både for U20 og A-landslaget, sistnemnte for ei årrekkje framover. Om denne Painmaker oppjusterar alderen til 23-24 åringar, er det lettare å akseptere dette valet. Dessutan er det naudsynt at det dei neste åra valvinnarane byggjer vidare på prosjektet til painmaker, noko som vanskeleg vil skje. Painmaker har god oversikt over unge spelarar, men han er neppe rett mann til å lede det. Han seier også at han trekk seg om det kjem andre, betre kandidatar.
Det verste er likevel at dette vil undergrave aktivitet på forumet, og interessa for det norske landslaget i lang, lang tid framover. Eg personleg kryssar fingrane for at folk ser kor skadeleg dette kandidaturet til painmaker er, og held seg for god til å stemme på han.
Dagen i dag, kort oppsummert, akkurat som venta. Store namn er ikkje komne, men mange useriøse fjompenissar, ført an av knutarild hyler på forumet. Så er det berre å vente på det som vil skje i dagane framover, blant anna teamet frå Veteraner der blant anna illusion og hovland inngår, i følgje ryktene.
/Stanic
onsdag, november 07, 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar