lørdag, januar 12, 2008

Nigeria NT - World Cup XI (Del 3):

Etter sigeren mot Jamaica var me høgt oppe, og me hadde faktisk tru på at dette kunne holda til å gå vidare med litt flaks. Me hadde spelefri i runde 4, og me måtte berre sjå på at alle 4 favorittane vann sine kampar.

Så var det klart for Tsjekkia på heimebane (155448925) . Dei hadde full pott, max TS, og ein Masters-vinnar bak rattet. Me konkluderte med at me måtte vinna denne kampen, men at me ikkje hadde3 råd til å spela MOTS pga. det ekstremt tøffe kampprogrammet. Dermed vart det ein sjelden taktikk frå vår side. 4-5-1 AOW med eitt angrep og bortimot null forsvar. Me stilte med 8 midtbanespelarar, og trudde det skulle vera nok til å få dei aller fleste sjansane. Dessverre stilte Ziky litt meir midtbanefokusert enn me hadde trudd, og traff i tillegg med forsvaret sitt. Me hadde imponerande 60%, men me hadde håpa på enno litt meir. Det vart eit surt 1-3 tap, men det kunne faktisk ha tippa andre vegen om me hadde hatt marginane med oss.

Så var det vinn eller forsvinn mot Hellas i neste runde (155448937) . Eg foreslo kontringar, men landslagssjef Davikoka hadde klokketro på at me nok ein gong skulle gå for midtbanedominans for å overraska på bortebane. Eg var redd for at den strategien hadde blitt for åpenbar for motstandarane etter kvart, og det hadde den tydeligvis. Hellas åpna seg fullstendig opp bak for å vinna midtbane og angrep. No fekk me faktisk såpass mykje ballinnehav at me scora 3 gongar. Dessverre scora dei 4. I etterkant viste det seg at taktikken vår ikkje var så verst, men ein kontringstaktikk hadde heller ikkje vore å forakta. Men 4-3 var for så vidt bra på bortebane mot eit betre lag. Men dette var definitivt spikeren i kista for VM-eventyret til Nigeria.

Piffen gjekk litt ut av oss etter dette tapet, og det vart litt på automatgir etter dette. Det automatgiret førte til 5-0 mot Nicaragua på heimebane (155448941), så det var kanskje eit gir som burde brukast meir?

I skrivande stund er me i ferd med å få bank av Russland på heimebane. Landslagssjef Davikoka er på reise, så laget vart satt opp i hui og hast. Russland gjorde genistreken å spela 4-4-2- CA, og straffar dermed vår all-out knallhardt. Litt forutsigbart å spela AO igjen? Definitivt...

Av: Staleno

Ingen kommentarer: