Han er det dårligste laget som er igjen i cupen, og i morgen skal han møte meget sterke Nordby. Jeg tok kontakt for et intervju, og han ble gjerne med på det.
Hvordan føles det og komme så langt i cupen?
Fantastisk. Eg var i ekstase etter alle heimekampane. Eg har brukt masse tid på å analysere motstanden og legge opp den beste taktikken. Då er det kjekt når ting klaffar og eg vinn.
Alle kampane har vore spennande, men med oddsen marginalt på mi side i alle unntatt kampen mot Buster. Den hadde eg nok litt flaks som vann.
Å komme så langt i cupen er utvilsomt det største Cybernetics har gjort til no.
Når du var i første runde, hvor langt satset du på å komme?
Eg hadde bra lag, lav ranking og seriekampar som ikkje krevde alt, så eg hadde gode føresetnader for å komme eit stykke. Eg såg vel for meg ein heimekamp eller kanskje to med heldig trekning av motstandar.
Tror du at du vinner cupen?
Nix. Alle laga som er att er betre enn mitt.
Hvor mye penger har du brukt på "cupeventyret" ditt?
I slutten av sist sesong oppgraderte eg laget for å unngå nedrykk. Det skar seg så då stod eg plutselig i 5. div med eit litt overdimensjonert lag. Laget har eg fått god bruk for i cupen, men har måtte forsterke for ca 40 mill for å komme så langt som eg har gjort.
Hva skal du satse på neste år? (cup eller serie)
Det blir vanskelig å overgå ein cupsesong som denne, så neste sesong vil fokuset ligge på serien.
Nå skal du møte Nordby, er du forberedt?
Ja i form av at eg vil ha analysert laget hans og stilt mitt opp for å få maksimalt utav det.
Nei i form av at eg ikkje kjem til å kjøpe monsterspelarar for å slå han. Må kanskje investere i ein keeper dersom min ikkje blir frisk, men ingenting utover det.
Hvorfor har akkurat du kommet så langt i cupen i år?
Eg har vore heldig med trekninga, eg har bedømt motstanden godt og utnytta deira svake punkt, dessutan spelar eg i ei avdeling som tillet cupfokus.
Hvem tror du vinner cupen?
Det er vanskeleg å sei. Det er mange sterke lag att. Eg heiar litt på Gunnersaurus som var i samme føderasjon som meg. Ellers virkar alle dei tre tippeligalaga som framleis er med veldig sterke.
Hvis du hadde vunnet cupen, hadde du satset på HT-Masters?
Eg hadde vel måtte gjere eit forsøk der viss eg hadde fått sjansen. Der kan ein bryne seg mot dei beste i ht-universet, så det ville vere tøft å kunne hevde seg der.
Men det spørst om økonomien hadde tillatt det...
Har du noe annet å si?
Eg synst Hattrick er eit artig spel, men det er folka ein spelar mot som gjer det verd å fortsette med. Vil difor takke alle dei aktive managerane der ute som held liv i det sosiale aspektet av spelet.
Til slutt eit godt råd:
Don't panic.
Mvh
(cupaskeladden)DeepThought
Skrevet av: Toptimist
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar